June 5, 2006

For Di

I påvente av at noen vil kalle meg kunstnerisk, rar eller drømmende, velger jeg likevel å dele dette diktet med omverdeen fordi jeg syns det er så utrolig vakkert.

For Di

Eg elskar alt det i deg
du IKKJE gir meg som kvinne.

Eg elskar det barske vitet
som gjerne hogg-møter mitt
og aldri sa et ja for mi skuld.

Eg elskar viljen din
som ikkje drøymer om å lyda meg
for di du er min

Eg elskar den karske låtten,
ubrukeleg til månetisking.

Eg elskar ditt grep om det som er,
og ikkje skal drøymast ifrå oss.

Eg elskar din ærlegdom,
naken som handa di.

Eg elskar at du ikkje er veik.

Opp av dette ris ditt kvinnedøme,
og det fekk eg og.

Eg elskar den hjelp som er visleg og var
for di ho veit.

Eg elskar det yndet du aldr tenkte på,
og som difor er kjært.

Eg elskar den kvinneløyndom
du ikkje lærde or bøker,
og gav åt meg aleine.

Eg elskar det som orda
talar når dei teier.

Eg elskar alt det
du gjorde til vårt.

Eg elskar heile deg,
du mitt mennekse.



Av Sigmund Skard